Koordinatar: 59°56′58″N 10°45′23″E
| Våpen | Kart |
|---|---|
| Grunnleggjande opplysningar | |
| Kommunenr: | 0301 |
| Fylke: | Oslo |
| Administrasjonssenter: | Oslo |
| Flatevidd: | 454 km² |
| Folketal: | 575 475 (2009) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011): | Fabian Stang (H) |
| Målform: | Nøytral |
| Nettstad: | www.oslo.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2008[1] | |
| Oslo på Commons | |
Oslo uttale (hjelp·info) er hovudstaden i Noreg, den største byen, og både ein kommune og eit fylke. Byen blir òg kalla Tigerstaden. Slottet, Stortinget, regjeringa, Høgsterett og dei fleste andre offentlege styringsorgan held til i Oslo.
Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å atterreise byen attom Akershus festning. Denne byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det i staden vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg området som tidlegare heitte Oslo. I 1924 vedtok Stortinget å endre namnet til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad.
Innhaldsliste |
Oslo har eit parlamentarisk styre, noko som vil seie at byen har si eiga byregjering. Byrådet i Oslo er sett samana av seks byrådar og ein byrådsleiar, for tida Erling Lae. Regjerande parti er Høgre og Framstegspartiet.
Den formelle, men hovudsakleg seremonielle leiaren av byen er ordføraren, for tida Fabian Stang (H).
| Folkemengd fordelt i bydelane, 1.1.2005. |
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå |
| Gamle Oslo | 35 431 |
| Grünerløkka | 37 774 |
| Sagene | 29 654 |
| St. Hanshaugen | 27 619 |
| Frogner | 45 640 |
| Ullern | 27 179 |
| Vestre Aker | 40 587 |
| Nordre Aker | 41 060 |
| Bjerke | 24 448 |
| Grorud | 24 729 |
| Stovner | 28 445 |
| Alna | 44 151 |
| Østensjø | 42 681 |
| Nordstrand | 43 297 |
| Søndre Nordstrand | 33 501 |
| Sentrum | 438 (*) |
| Marka | 1 614 (*) |
| Ikkje oppgjeve | 1 498 |
| Total | 529 846 |
| (*) utanfor bydelsinndelinga |
Bydelsreforma av 1. januar 2004 reduserte talet på bydelar til 15. Bydelane er:
Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø
| 1801 | 9 500 |
| 1825 | 15 400 |
| 1855 | 31 700 |
| 1875 | 76 900 |
| 1900 | 227 700 |
| 1925 | 255 700 |
| 2003 | 517 401 |
| År | Namn | Utstrekning |
|---|---|---|
| <1624 | Oslo | Mellom Alna og Hovinbekken |
| 1624-1794 | Christiania | Frå Akershus Slott til dagens Stortorg |
| 1794-1859 | Christiania | Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget |
| 1859-1877 | Christiania | Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna |
| 1877-1878 | Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) | Som over |
| 1878-1897 | Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) | Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen |
| 1897-1924 | Kristiania | Som over |
| 1924-1946 | Oslo | Som over |
| 1946-1948 | Oslo | Etterstad blir med |
| 1948-1980 | Oslo | Resten av Aker blir med |
| 1980 | Oslo | Tangerud blir innlemma |
I Oslo finn ein mange mindre militæravdelinger:
|
stock | retire | vm
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History