Manchester United


Manchester United
Fullt namn Manchester United
Kallenamn The Red Devils (Dei raude djevlane)
Grunnlagd 1878 (som Newton Heath LYR FC)
Heimebane Old Trafford,
Manchester
(Kapasitet: 76 006)
Styreleiar David Gill
Hovudtrenar Sir Alex Ferguson
Liga Premier League
Heimedrakt
Bortedrakt

Manchester United Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League. Klubben vart stifta i 1878, og vart vald inn i The Football League i 1892. «The Red Devils», som er kallenamnet til Manchester United, spelar heimekampane sine på Old Trafford i Manchester. Byen Manchester ligg i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent midt mellom Liverpool og Leeds.

Innhaldsliste

Historie

Tradisjonelt er United ein av dei største klubbane i England, og laget har hatt tre suksessrike periodar, under Ernest Mangnall i 1900-åra, i 1950- og 60-åra under Sir Matt Busby, og i 1990-åra til i dag under Sir Alex Ferguson. Bortsett frå desse suksessane, er den mest viktige hendinga i klubbens historie flyulykka i München, der åtte av klubbens spelarar døydde.

Under Sir Alex Ferguson, som har vore manager sidan 1986, har klubben dominert engelsk fotball sidan 1990 med elleve seriemesterskap, fem FA-cupmesterskap, tre ligacupmesterskap og to Mesterliga-seier i 1999 og 2008. Klubbens mest suksessrike sesong var 1998/99, da dei blei det første og einaste laget som har vunne the treble, som vil seie å vinne FA Premier League, FA-cupen og Mesterligaen i same sesong, grunna Ole Gunnar Solskjær, som redda sigeren på Camp Nou i siste minutt.

I 2005 kvalifiserte Manchester United seg for gruppespel i Champions League for tiande år på rad, og slo dermed rekorden som Rosenborg frå Noreg tidlegare haldt. trass dette, har United ikkje klart å dominere i Europa på same vis som dei har gjort i England. Klubben har berre vore i finaler i dei viktige europeiske turneringene tre gonger – i Serievinnercupen i 1968, Cupvinnercupen i 1991 og Mesterligaen i 1999; til gjengjeld har dei vunne alle tre.

Sjølv om dominansen deira i engelsk fotball er rekna av nokon som over, reknast dei framleis som eit av dei beste laga i landet, og dei endte på 3. plass i 2004/05-sesongen og på 2. plass 05/06 bak Chelsea, som var overlegne den sesongen. 2006/07-sesongen vann Manchester United ligagullet for første gong på fire år.

Tidlege år (1886–1945)

Klubben blei danna som Newton Heath Lancashire & Yorkshire Railway Football Club (forkorta Newton Heath LYR FC) av ei gruppe jernbanearbeidarar i Manchester i 1878. Namnet blei snart forkorta til Newton Heath. Dei var grunnleggjande medlemar av Football Alliance i 1889 og slutta seg til The Football League i 1892 da den slo seg saman med Football Alliance.

Klubben var nær konkurs i 1902 og blei redda av John Henry Davies som betalte klubben si gjeld og forandra namnet til Manchester United, samstundes som han forandra klubbens fargar frå gult og grønt til raudt og kvitt. Eit anna føreslått namn var Manchester Celtic, men verken dette eller det andre alternativet – Manchester Central – blei valdt. Klubben vann ligaen i 1908 og med finansiell assistanse frå Davies, flytta dei til eit nytt stadion på Old Trafford i 1910.

Laget sleit i mellomkrigstida, og da andre verdskrigen byrja, hadde dei £70 000 i gjeld.

Busby-åra (1945–1969)

Minnesmerket over dei som døydde i flyulykka i München 6. februar 1958.

Matt Busby blei utnemdt til manager i 1945 og tok da ein helt ny innfallsvinkel til jobben. Han slutta seg til spelarane i treningane i tillegg til å utføre administrative oppgåvar. Han hadde umiddelbart suksess, da klubben enda på andreplass i ligaen i 1947 og vann FA-cupfinalen i 1948.

Han innførte ein politikk som gjekk ut på å hente inn spelarar fra ungdomslaget så ofte som mogeleg, og laget vant ligaen i 1956 med ein gjennomsnittsalder på berre 22. Det unge laget fekk kallenamnet Busby Babes, og året etter vant dei ligaen igjen og nådde FA-cupfinalen, der dei tapte for Aston Villa. Dei ble også det første engelske laget som deltok i Europacupen, der dei nådde semifinalen.

Ein tragedie knuste laget sesongen etterpå, da flyet som transporterte laget heim frå ein europacupkamp krasja ved avgamg etter å ha fylt drivstoff i München. Flyulykka i München 6. februar 1958 kravde livet til åtte spelarar og femten andre passasjerar. Der var snakk om at klubben skulle trekkje seg frå sesongens turneringar, men assistentmanager Jimmy Murphy tok over som manager mens Matt Busby blei behandla for skadane han hadde fått i ulykka, og klubben fortsatte å spele med reservelaget. Dei nådde FA-cupfinalen igjen, der dei tapte for Bolton Wanderers.

Busby bygde opp eit nytt lag på byrjinga av 1960-åra og henta inn spelarar som Denis Law og Pat Crerand. Laget vant FA-cupfinalen i 1963, vant ligaen i 1965 og 1967 og Europacupen i 1968. Dette laget var kjend for å innehalde tre fotballspelarar som har blitt kåra til årets fotballspelar i Europa – Bobby Charlton, George Best, og Denis Law. Busby trakk seg som manager i 1969, og blei erstatta av reservelagstrener og tidlegare United-spelar Wilf McGuinness.

1969–1986

United sleit med å erstatte Busby og laget sleit under Wilf McGuiness og Frank O'Farrell før Tommy Docherty blei manager på slutten av 1972. Docherty, eller «the Doc», redda United frå nedrykk den sesongen, men klubben rykka ned i 1974. Dei rykka likevel opp igjen på første forsøk, og nådde FA-cupfinalen i 1976, men blei slått av Southampton. Dei nådde finalen igjen i 1977 og slo Liverpool, og hindra sine motstandarar fra å fullføre ein «treble», som United klarte i 1999 som første engelske klubb. Trass i denne suksessen, og hans popularitet blant supportarane, blei Docherty sparka kort tid etter finalen da det blei kjend at han hadde hatt eit forhold med fysioterapeutens kone.

Dave Sexton erstatta Docherty som manager sommaren 1977, og fekk laget til å spele i ein meir defensiv formasjon. Denne stilen var upopulær blant fansen, som var vand med angrepsfotballen som blei føretrukken av Docherty og Busby. Etter å ha mislykkast i å vinne eit einaste trofé, fekk Sexton sparken i 1981.

Han blei erstatta av Ron Atkinson, som med ein gong braut den britiske overgangsrekorden ved å hente inn Bryan Robson frå West Bromwich Albion. Atkinson bygde eit spanande lag med nye spelarar som Jesper Olsen og Gordon Strachan, som spelte saman med eigne juniorspelarar som Norman Whiteside og Mark Hughes. United vann FA-cupen i 1983 og 1985, og var store favorittar til å vinne ligaen i 1985/86-sesongen etter å ha vunne dei ti første kampane. Dei leia med ti poeng over sine rivalar så tidleg som i oktober. Men laget kollapsa , og United enda på fjerde plass. Den dårlege formen haldt fram inn i den neste sesongen, og med United på kanten av nedtrykk frå toppdivisjonen, fekk Atkinson sparken.

Alex Ferguson-epoka (1986–1999)

Old Trafford
Foto: André Zahn
Utsida av Old Trafford på kampdag (før quadrantene blei bygd)
Foto: Øyvind Vik
Uniteds spelarar varmar opp før trening på The Cliff i 1992.
Foto: Øyvind Vik

Alex Ferguson erstatta Atkinson og leia klubben til ein 11. plass i sin første sesong. Den neste sesongen (1987/88), endte United på andreplass, da Brian McClair blei den første United-spelaren sidan George Best til å skåre 20 ligamål i ein sesong.

Men ting var i ferd med å gå forferdeleg dårleg. Mange av Fergusons nye spelarar nådde ikkje forventningane til fansen, i tillegg til at Ferguson kvitta seg med populære spelarar som Paul McGrath og Gordon Strachan, United sleit skikkeleg gjennom 1989. Det blei spekulert i om at Ferguson ville få sparken i byrjinga av 1990, men ein siger i tredje runde i FA-cupen haldt sesongen i live, og United gjekk vidare og vann heile turneringa, utan å spele ein einaste heimekamp.

United vant Cupvinnercupen i 1990/91, da dei slo dei spanske seriemeisterane Barcelona i finalen. Den følgjande sesongen var ein skuffelse for United, fordi ei svak avslutning gjorde at dei tapte seriemeisterskapet til Leeds United.

framkomsten til Eric Cantona i november 1992 gav klubben ein viktig vitamininnsprøytning, og dei fullførte 1992/93-sesongen som meisterar for første gang sidan 1967. Dei vann the double (ligaen og FA-cupen) for første gang sesongen etterpå. Den legendariske manageren og klubbpresidenten, Matt Busby, døydde same sesong, 20. januar 1994.

I 1994-95 fekk Cantona åtte månaders suspensjon for å ha sparka ein tilskodar, og da dei tapte sine to siste kampar, endte United på andreplass både i ligaen og FA-cupen. Ferguson gjorde så mange supportere rasande ved å selge nøkkelspelarar som Paul Ince, Mark Hughes og Andrej Kantsjelskis og erstatte dei med spelarar fra klubbens ungdomslag, dei såkalla Fergies fledglings. Dei nye spelarane – blant dei framtidige storspelarar som David Beckham, Gary Neville, Paul Scholes og Nicky Butt – gjorde det overraskande godt, og den tidlegare Liverpool-spelaren Alan Hansen måtte bite i seg kommentarane om at «ein vinn ingenting med barn» da United vant «the double» igjen i 1995/96.

United vann ligaen igjen i 1997, men Cantona sjokkerte igjen fansen ved å gje seg med fotball i ein alder av 31 år, fleire år tidlegare enn spelarar flest. Dei starta den følgande sesongen godt, men resultata var prega av ei rekkje skader, og dei endte sesongen på andreplass, langt bak meisterane Arsenal.

1998/99 var den mest suksessrike sesongen i klubben si historie, da United blei den andre engelske klubben til å vinne «the treble» – ligaen, FA-cupen og Meisterligaen i ein sesong. Finalen var spesiell fordi United låg under 1–0 med eitt minutt igjen å spele, men to mål på overtid, inkludert ei styring av Ole Gunnar Solskjær, gav dei sigeren over Bayern München. Solskjærs mål markerte høgdepunktet i Uniteds historie. Ferguson blei adla for hans bidrag til britisk fotball etter dette.

Etter «The Treble» (1999–)

United vant Champions League i 1999
Foto: Øyvind Vik

Manchester United vann ligaen med enorm margin i 2000 og 2001, men pressa så desse sesongane som mislykka fordi dei ikkje klarte å vinne europacupen. Ferguson adopterte meir defensive taktikkar for å gjere United vanskelegare å slå i Europa, men det var ikkje vellykka, og United enda sesongen på tredjeplass i 2002. Dei vann ligaen igjen den etterfølgjande sesongen (2002/03), og starta den neste sesongen godt, men formen fall dramatisk da Rio Ferdinand fekk ein åtte månaders suspensjon for å ha ungått å møte på ein dopingkontroll.

Trass i at klubben brukte millionar av pund på spissane Alan Smith, Wayne Rooney og Louis Saha, blei 2004/05-sesongen kjenneteikna av måltørke. Ei rekkje 0–0-kampar gjorde at Manchester United tidleg låg bak Arsenal og Chelsea, dei enda sesongen på tredjeplass. Skuffelsen blei enda større da United blei det første laget som har tapt ein FA-cupfinale på straffespark, da Arsenal vann etter at kampen enda 0–0. At United nærmast utspelte Arsenal i heile kampen, gjorde tapet enda bitrare. Utanfor bana var saken det var mest snakk om, mogelegheita for at klubben kunne bli overteken av amerikanaren Malcolm Glazer.

Overtakinga til Malcolm Glazer

14. juni 2005 aukte Malcolm Glazer sin aksjeandel i klubben til 97,3 %, nok til full kontroll i tillegg til å ta den av børsen. 22. juni 2005 tok han klubben formelt av børsen. Klubben var rekna som den mest finansielt suksessrike i England, før deira nye amerikanske eigar overførte enorm gjeld på klubben. 7. juni utnemde han sine søner Joel Glazer og Avram Glazer som ikkje-utøvande direktørar, samtidig som Sir Roy Gardner trakk seg frå formannskapet. Sønane til Glazer er venta å bli involvert i drifta av klubben.

Gruppar av United-fans har fleire gongar protestert mot overtakinga. Ein gruppe supportara har danna ein ny klubb kalla FC United of Manchester, som vil spele i North West Counties Leagues andre divisjon i 2005/06-sesongen. Shareholders United har vald ein annen strategi, og ynskjer å danne eit Phoenix-fond, der ein samlar midler for å overta klubben på eit seinare tidspunkt. Dei fryktar at Glazer berre ynskjer å tene pengar på klubben.

Spelarstall 2009/2010 sesongen

(12. mars 2010)

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 lenkje=Nederland MV Edwin van der Sar
2 lenkje=England F Gary Neville (kaptein)
3 lenkje=Frankrike F Patrice Evra
4 lenkje=England M Owen Hargreaves
5 lenkje=England F Rio Ferdinand
6 lenkje=England F Wes Brown
7 lenkje=England A Michael Owen
8 lenkje=Brasil M Anderson
9 lenkje=Bulgaria A Dimitar Berbatov
10 lenkje=England A Wayne Rooney
11 lenkje=Wales M Ryan Giggs
12 lenkje=England MV Ben Foster
13 lenkje=Sør-Korea M Park Ji-Sung
15 lenkje=Serbia F Nemanja Vidić
16 lenkje=England M Michael Carrick
17 lenkje=Portugal M Nani
18 lenkje=England M Paul Scholes
20 lenkje=Brasil F Fábio
21 lenkje=Brasil F Rafael
22 lenkje=Republikken Irland F John O'Shea
Nr. Posisjon Spelar
23 lenkje=Nord-Irland F Jonny Evans
24 lenkje=Skottland M Darren Fletcher
25 lenkje=Ecuador M Antonio Valencia
26 lenkje=Frankrike A Gabriel Obertan
27 lenkje=Italia A Federico Macheda
28 lenkje=Republikken Irland M Darron Gibson
29 lenkje=Polen MV Tomasz Kuszczak
30 lenkje=Belgia F Ritchie De Laet
31 lenkje=Nord-Irland M Corry Evans
32 lenkje=Senegal A Mame Biram Diouf
36 lenkje=Skottland M David Gray
37 lenkje=Nord-Irland F Craig Cathcart
38 lenkje=Tyskland MV Ron-Robert Zieler
41 lenkje=Noreg A Joshua King
42 lenkje=Noreg M Magnus Wolff Eikrem
44 lenkje=Nord-Irland F Joe Dudgeon
45 lenkje=England F Oliver Gill
46 lenkje=England M Cameron Stewart
47 lenkje=Nord-Irland M Oliver Norwood

Kjende spelarar som har spelt for klubben

 
  • Irland Roy Keane
  • Flag of England.svg Denis Law
  • Skottland Gordon Strachan
  • Irland Denis Irwin
  • Flag of England.svg Duncan Edwards
  • Flag of England.svg Bill Foulkes
  • Skottland Sammy McIlroy
  • Frankrike Laurent Blanc
 

Norske spelarar som har spelt for Manchester United



Fotball | Premier League | 2009/10-sesongen

Arsenal | Aston Villa | Birmingham City | Blackburn Rovers | Bolton Wanderers | Burnley | Chelsea | Everton | Fulham | Hull City| Liverpool | Manchester City | Manchester United | Portsmouth | Stoke City | Sunderland | Tottenham Hotspur | West Ham United | Wigan Athletic | Wolverhampton Wanderers |


sex





stock | retire | vm
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History