| Islam |
| Skrifter og lover |
| Koranen – hadíth – Sunna |
| sura – fiqh – fatwa –sjaria – hisba |
Koranen (arabisk القرآن) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.
Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.
For dei truande er Koranen Guds ord i bokstavleg nemning, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.
Ein skilnad mellom kristendommen og islam er at dei kristne omsett Bibelen til så mange språk som mogleg, mens arabisk har ein spesiell status innafor islam. Omsetjingar av Koranen har derfor komme i stand utanfor dei vanlege religiøse kanalane.
Koranen vart utgjeve på norsk av Universitetsforlaget i 1980, omsett av Einar Berg.
stock | retire | vm
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History