| Kongeriget Danmark Danmark |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Motto: Ikkje noko Dronninga sitt valspråk: «Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke». |
|||||
![]() |
|||||
| Offisielle språk | Dansk | ||||
| Hovudstad | København | ||||
| Styresett |
Konstitusjonelt monarki Dronning Margrethe II av Danmark Lars Løkke Rasmussen |
||||
| Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
43 094 km² (134.) 1,6 % |
||||
| Folketal - Estimert (2009) - Tettleik |
5 500 510 (110.) 127,6 /km² (62.) |
||||
| Sjølvstende |
i forhistorisk tid. | ||||
| BNP - Totalt (2006) - Per innbyggjar |
275,17 mrd. USD (46.) 36 083,147 USD (6.) |
||||
| Valuta | Danske kroner | ||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||
| Nasjonalsong | «Der er et yndigt land» | ||||
| Nasjonaldag | 5. juni | ||||
| Internasjonal telefonkode | +45 | ||||
| Nasjonale toppdomene | .da
|
||||
Kongeriket Danmark er eit land i Nord-Europa og to sjølvstyrte område, øygruppa Færøyane, i Nord-Atlanterhavet; og øya Grønland, i Nord-Amerika.
Geografisk utgjer Danmark halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. 72 (2007) av øyane er busette. Landet ligg i Skandinavia og Norden med havet som nabo, Austersjøen og Nordsjøen, med Tyskland som den sørlege grensa for Jylland. Dei to største øyene er Sjælland og Fyn. Hovudstaden København ligg på Sjælland. Sambandet til Sverige med Øresundssambandet går via Amager.
Innhaldsliste |
Ein kjenner ikkje opphavet til Danmark, då folkesetnaden og landet kom til før historisk tid. Landet kan ha vore ein union av svenske stammer.
Den danske monark er for tida Dronning Margrethe II. Sjå og danske monarkar for ei opplisting av danske regentar og monarkar gjennom tidene. Danmark vert styrd av den utøvande makta, regjeringa. Leiar for regjeringa er statsministeren. For tida er Lars Løkke Rasmussen statsminister. Den lovgjevande makta er Folketinget . Styreforma er parlamentarisme.
Det bur om lag 5,5 millionar menneske i Danmark, nesten ein fjerdedel av dei bur i hovudstaden København
I Danmark vert dansk språk tala - dansk tilhøyrer den germanske språkgruppa. Dansk har mange dialektar, som tydeleg fortel kva del av landet personen kjem frå.
Riksdansk er det offisielt anerkjende danske språket som vert nytta i fjernsyn, radio og i undervisning.
Vidare vert det tala færøysk, grønlandsk (Inuit-dialekt), tyrkisk og tysk. Engelsk og tysk er dei viktigaste framandspråka.
Danmark er administrativt delt opp i 5 regionar og 98 kommunar.
I tillegg er Færøyane og Grønland ein del av kongeriget Danmark. Desse er begge sjølvstyrte einingar.
Kjelde: Danmarks Statistik.
Danmark består av halvøya Jylland og 443 øyar, der 72 er busette. Dei største øyane er Sjælland, Vendsyssel-Thy og Fyn. København ligg på Sjælland, noko som er svært sjeldan for eit land som er forbunde til eit kontinent. Berre Ekvatorial Guinea har det på same vis. Tre store sund går frå Austersjøen søraust for Danmark og Kattegat (og vidare til Skagerrak og Nordsjøen), nemmeleg Øresund (mellom Skåne i Sverige og Sjælland), Storebælt (mellom Sjælland og Fyn), og Lillebælt (mellom Fyn og Jylland).
Danmark er eit flatt land, og middelhøgda er ikkje høgare enn 31 meter. Tre åsar utgjer dei høgaste punkta i Danmark, og alle er mellom 170 og 171 meter høge. Det høgaste naturlege punktet er Møllehøj på Jylland med 170,86 moh, medna Yding Skovhøj på 170,77 moh og Ejer Bavnehøj med 170,35 moh fylgjer like etter.
Klimatisk kan ein nesten sjå på Danmark som ei øy med vatn på alle kantar. Ein kan rekne med litt nedbør med nokre dagars mellomrom, men sjeldan er det snakk om dei store mengdene. Lågtrykk går inn i Nordsjøen og gjev innimellom kraftig vind på vestkysten av Jylland om hausten og vinteren, og innimellom kan iskald luft frå Arktis eller Sibir gje minusgrader i heile landet sjølv på dagtid. Danmark har ikkje dei store landmassane rundt seg som nabolanda i sør har, og får derfor sjeldan like høge temperaturar på sommarstid som desse landa. Så sjølv klåre og fine sommardagar byr på fine temperaturar utan at det vert ubehageleg varmt. Dei kraftigaste regnbygene kan ein vente seg seint på sommaren og tidleg på hausten, og torevêr er ikkje heilt uvanleg på denne tida. Frå slutten av oktober byrjar det å bli skya og mørkt.
Det mest kjende dansken er truleg forfattaren H. C. Andersen. Han er mest kjend for sine eventyr. Av eventyr kan nemnast «Keisaren sine nye klede» og «Den grimme ælling».
Andre kjende danskar er filosofen Søren Kierkegaard og fysikaren Niels Bohr.
|
|
|
|---|---|
| Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
|
|
|---|
| Belgia · Bulgaria · Canada · Danmark · Estland · Frankrike · Hellas · Island · Italia · Latvia · Litauen · Luxembourg · Nederland · Noreg · Polen · Portugal · Romania · Slovakia · Slovenia · Spania · Storbritannia · Tsjekkia · Tyrkia · Tyskland · Ungarn · USA |
| Schengenlanda |
|---|
| Belgia | Danmark | Finland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Luxembourg | Nederland | Noreg | Portugal | Spania | Sverige | Tyskland | Austerrike |
stock | retire | vm
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History